tirsdag 9. november 2010

Helsing frå nicaland


No er det tirsdags kveld. På fredag har eg første eksamen, det betyr at eg har to dagar igjen på å læra meg bøyningsmønsteret på 11 verbformen (nei eg har ikkje vore så ivrig på pugginga tidlegare i semesteret). Det verste er at eg ikkje er stressa i det heile. Eg tok meg til og med ein tur på kino i dag. Det var vel og merka mest for å kjøla meg litt ned i airconditionen, filmen var skikkelig dårlig. For å metta dei få sultne lesarane av bloggen min, skal eg til tross for at eg har viktigare ting å gjera, komma med ei lita oppdatering på livet mitt og kva som har skjedd her dei siste vekene.


Helene, Ingvild og eg var i Granada. Fin by! Vi tok manikyr og pedikyr for å stå i stil med dei lekre latino damene.


Vi var på båttur på Nicaragua Lake. Verdas andre største innsjø, det er også den einaste innsjøen i heile verda der det finns hai.


Helene og eg kledde oss ut som indianarar på karneval. Det var suksess.


For ei veke sidan hadde vi vår siste time på stranda. Spansklærar Jackelin i midten.


Som vanleg har vi ete middag ute kvar dag i det siste. No har eg slutta å eta med mindre eg får maten servert på tallerken framfor meg.


På lørdag var vi på boksekamp, det var bråkete, interessant og totalt meiningslaust. Boksing er nasjonalsporten i Nicaragua.


Dessutan har vi teke det obligatoriske sydenbiletet. Vi er jo i syden, er vi ikkje? Flaut!


Til slutt vil eg ta med at eg har sove ei natt på sjukehuset. Gro fekk nemlig denguefeber. Det var skikkelig skummelt og ganske spennande. hehe.

mandag 18. oktober 2010

Mitt skip er lasta med sushi





Hovudstaden i Nicaragua, Managua, er ein stygg by. Det finns rett og slett ikkje mykje å sjå for ein turist. Kristin, Eva, Helene og eg var tross det i storform då vi heiv oss i taxien tidleg lørdags morgon. Planane var shopping og sushi. Taxisjåføren venta utanfor kjøpesentera, medan vi tok ansvar for å fylla opp bagasjerommet, heile tida med ei viss bekymring for den stakkars mannen som sat ute i bilen i timesvis og hørte på dårleg latinopop. Fekk han i seg mat? Gjekk han på do? Stakkars mann! Det er liksom ikkje mykje til trøst at ein tenar ei halv månedsløn når ein ikkje får tissa på 10 timar.



Det dyraste måltidet i Nicaragua så langt, men gud så godt!


Helene er gira på shopping!
Litt kultur på vegen. (Statue i bakgrunnen)

Eit bilete av dagens fangst. Foto: nattevakten, som tydlegvis ikkje syns at hovudet på eit menneske er så veldig viktig. Har han nokon gong teke eit bilete før?



No skal eg snart ta til med den haugen av oppgåver og tekstar som venter på meg. Det har byrja å gå opp for meg at eg er her for å studera. Eksamen er om ein måned og så er det heim til kalde Noreg. (Mamma: kan du finna fram dundyna mi?) Heldigvis har eg no bestemt meg for å dra tilbake til herlege Latin Amerika. I februar går turen til Argentina for fleire spansktimar og meir svetting i flipflops.

søndag 10. oktober 2010

Este fin de semana...



Har vi hatt strandfest med grilling, soling og konsert. Perfekt før ei veke som kjem til å bli travel. Forelesaren vår i Latin Amerika studier er nemlig i byen, og det betyr at vi må hiva inn litt ekstra konsentrasjon.
For dei som kan spansk legg eg inn dagens spansklekse. Håpar eg ikkje dummar meg ut for mykje, for teksten er ikkje retta. Eg tykkjer nemlig at spansk er kjempe vanskelig!

Jueves fuí en cine para miré la pelicula "The gahooles". Me no gusta esta pelicula. Después fuí en la casa y hice pulseras con Helene.
Sabado estuve en la playa entera dia. Asamos salcichas, bañamos mucho y vimos un concierto. Me gusta la playa. A la noche comí pasta en BarBaro. La comida es muy rico en BarBaro. Después fuimos en la casa para dormimo.
Domingo fuí con Marlene en Hotel San Cristobal. Estoy asustada conduce taxi en Nicaragua. Para el almuerzo comí pizza.

Takk for meg!


p.s. Det er Fredrik Scholze som har teke bileta eg legg ut i dag.



fredag 8. oktober 2010

BANANAS!*


Dårlig med blogging her, det er så varmt! Hadde eigentleg tenkt å slenga inn eit langt innlegg om planane mine om boikott av Dole og kor irritert eg er, men det går ikkje i dag. Eg legg til ein link til traileren til filmen BANANAS!*. Håpar at alt går fint der heima. Har forresten klipt håret mitt. På rein impuls nærmast løp eg til frisøren, heiv meg i stolen og ba henne klippa. Ho delte håret i ein skill bak, dro det framover og klipte rett av. Det var ganske fint! No tar det heller ikkje så lang tid å vaska håret, noko som er ein fordel når vatnet er kaldt som ein norsk foss.

Her er altså linken til BANANAS!* traileren:

Slenger også med linken til Stian sitt nyaste blogginlegg:

(Legg merke til at Os kommune er den einaste kommunen som er savna i heile Noreg. Det er ikkje fordi eg savnar Os så vanvittig mykje, det er vel heller for at eg fekk spørsmålet "saknar du Os kommune litt, Tale?". Det gjer eg jo.)


Sidan eg alikevel kom så godt i gang med dette blogginlegget, får de sjå eit bilete av ein flink student i bikini. Eg vil leggja til at dette var for mange veker sidan, og at eg er mykje brunare no! hehe. God helg!



fredag 24. september 2010

Dia de la Merced

I natt har eg ikkje sove mykje. Det har nemlig vore ein rakettfest utan like i gatene. Vi hadde hørt at dei skulle feira skytshelgenen til León på fredag. Med godt mot slo vi opp paraplyane (regntida er på sitt verste/beste) og vandra ut. Eg hadde med vilje ikkje teke med meg pengar, kamera eller mobil med tanke på tjuveri. Vi kom oss berre så vidt til plassen utanfor katedralen før nervøsiteten tok overhand og vi småløp heim igjen. Tre lyse jenter (chela linda!) og hundre tusen nica menn er ikkje kult.
Då vi kom heim byrja rakettane, og det viste seg at vi hadde gått glipp av heile showet. Ein gong i timen vert det først skutt opp store menger rakettar før fire menn med kassar fulle av rakettar på ryggen spurtar gjennom gatene. Då vi etter rundt ein time hørte at rakettane igjen var i lufta, var det berre å hiva frå seg alt vi dreiv med og komma oss ut i gatene. Denne gongen hadde vi heldigvis med oss Stian, noko som er betryggande. Det einaste som er litt skummelt med han er at han ikkje har dei same grensene som eg har. Det blonde hovudet forsvann nemleg temmeleg fort, og eg og Kristin stod igjen i folkemengden. Plutseleg ser vi ein av rakettmennene i full fart mot oss og vi kan ikkje anna enn å skrika å løpa. Rakettane frå kassen vert nemleg skutt i alle retningar utan at nokon har kontroll. Eg trur aldri eg har vore så redd og har løpt så fort før. Vi bana oss vei gjennom gamle damer og små barn for å komma oss så langt vekk som mogleg, då fleire nica folk også byrja å løpa, var det ikkje tvil om at dette kunne vera farleg. Ikkje søren om eg ville inn i ein av dei mange sjukebilane med brannskader oppover armane. Mannen kom nærmare og nærmare med rakettane i full fyr, før han plutseleg skifta retning og forsvann rundt hjørnet. Kristin og eg stod igjen framleis med hjertet i halsen og rundt samla det seg folk som lo av oss og kunne bekrefta at det ikkje var ferdig enda.
Etter litt fann vi igjen Stian og dei andre, kjøpte oss eit kandisert eple og klarte å pusta normalt. Det verka som om kvar einaste person i heile León var ute i gatene og det heile var som ei kaotisk og farleg 17. mai feiring. No sit eg på La Rosita, ein kafé med internett og utanfor marsjerer korpsa for harde livet i pøsregnet. Då eg gjekk til kafeén tidlegare i dag var ei av gatene dekt med fine, fargerike pulvermaleri. Eg angrar på at eg ikkje tok bilete med det same, no er nok alt skylt vekk av vatnet.
Eg har dessverre heller ikkje teke bilete av galskpen i går, eg må heller smiska litt med dei andre så kanskje det kjem etterkvart.

tirsdag 21. september 2010

Om det å vera rik og heldig

Det er herleg å vera i Nicaragua. Her står eg opp til ferdig frukost, kjem heim til oppredd seng og tek meg ein dukkert i basseng når eg vil. Kvar dag går eg ut og et store middagar før eg går heim og legg meg bak låst port. Eg har fleire par sko og digitalkamera. Eg manglar ingenting. Kreftene mine brukar eg på å klaga på håret mitt og at eg ikkje er ferdig på skulen før klokka fem på ettermiddagen. Eg er så heldig at eg ikkje anar det!
Men eg treng ikkje gå lenger enn rett ut porten på Casa Colibri før det verkelege livet i Nicaragua slår mot meg. På gatehjørnet ligg det ein mann på sin faste plass. Utanfor supermarkedet sit det to små gutar og sniffar lim. Litt bortenfor det sit det ei gamal, blind dame og tiggar. I parken ligg det ei jente utan sko. Dei får ikkje noko som helst hjelp frå staten, og heller ikkje frå dei som går forbi kvar dag. Det er heilt naturleg at folk sveltar i hel og at dei ikkje får gå på skule. Dei har rett og slett vore uheldig og blitt fødd inn i feil familie.
Vi har fått beskjed frå kulturstudier om å ikkje gje ungane pengar, og å ikkje tru på den unge dama som tiggar om melk til babyen sin. Det er ikkje vår feil at det er fattige, og pengane våre skal vi ha for oss sjølv. Uansett om gutane vi møter på diskoteket må betala skule for vetlesøstrene sine.
Eg blir så fortvila. Det er nesten umogleg å gjera noko med alt det eg ser rundt meg. Berre tanken på det at det ikkje finns nokon form for forsikring her er heilt absurd for meg som går til legen annankvar måned. Eg klarar ikkje å forklara kva tankar eg har rundt alt eg ser kvar dag, eg berre kjenner at mykje av det er heilt feil.
I går var vi på kulturkveld, denne gongen handla det om abortloven her i Nicaragua. Det er slik at då Nicaragua fekk sin første kvinnelege president i 1990, vart det innført totalforbod mot abort i landet. Det finns ingen unntak, ikkje ein gong om det er snakk om voldtekt.
Eg kunne sikkert ha ramsa opp hundre andre ting eg syns er urettferdig og teit her i landet, men vel å tenkja på den spørjeundersøkinga som viser at 70% av innbyggjarane i Nicarague seier at dei er lukkelege. Det trur eg er meir enn i Noreg sjølv om vi har alt vi treng og meir til.


torsdag 16. september 2010

søndag 12. september 2010

Sea turtles making love




Denne helga har eg vore i San Juan del Sur ein liten fiskerlandsby og eit surferparadis ikkje så langt frå grensa til Costa Rica. Eg var sjuk med influensa på fredag då vi skulle dra, men heiv meg alikevel med. Bussturen tek rundt fire timar med den skranglete og trange skulebussen vår. Då vi kom fram var reservasjonen på eit hostel sjølvsagt ikkje i orden så vi endte opp på eit anna hostel som rett og slett var grisete. Kristin var ikkje på do frå vi reiste frå León og fram til vi bytta hostel neste dag. Eller det var vel meir eit hotell vi la oss inn på. Der hadde vi for første gong sidan vi kom til Nica air condition og varmt vatn i dusjen! Dessutan kunne eg leggja ting på golvet utan at det var fullt av kakkerlakkar når eg skulle ta det opp igjen. Deilig.
Laurdagen var høgdepunktet, for det første våkna eg opp frisk som ein fisk og for det andre (no kjem forklaringa på overskrifta) fekk eg bada med ekte havskilpadder langt ute på havet. Vi var nemlig på båttur inn til ei øde strand og på vegen speida vi etter kval, delfin og skilpadde. Plutseleg låg det to skilpadder og hadde seg rett ved båten vår, medan dei held på er det ikkje mogleg å forstyrra dei så vi fekk hoppa i vatnet og klappa dei på skjellet. Vi såg også masse delfinar som hoppa slik delfinar skal hoppa. På stranda fekk vi servert grilla fisk som nokon i den andre båten hadde fiska.
På kvelden gjekk vi ut og åt hummer på ein av restaurantane på stranda. Før det vart full fest langt ut i dei seine nattestimar der vi var innom alt frå surferfestar til reggeaklubbar.
Det einaste eg ikkje likte med San Juan del Sur var at den var full av turistar. Det var kjempe deilig å endeleg gjera seg forstått igjen, men samtidig er det ikkje det eg er her for. Det var rett og slett alt for lite spansk på meg. Dessutan var det ein trist heimtur. Gjennom Managua køyrde vi forbi trafikkuhell etter trafikkuhell der folk og motordelar låg strødd utan at det var ein einaste ambulanse å sjå.
Vi kom oss heldigvis trygt heim og eg er klar for nok ei veke med store mengder sider å lesa. Det er ikkje lett å konsentrera seg med ei visdomstann som dunkar i tannkjøttet. Au!

tirsdag 7. september 2010

Kvardagen min

Etter kvart som dagane går her i León byrjar eg å få rutiner. Timeplanane vert klar og eg veit kva eg skal i morgon. Det er herleg å føla at eg bur her og at det ikkje berre er ein ferie der eg må rekka alt på få dagar. Frokosten vert servert kl 6.30. Vi får arme riddere, havregraut, ris og bønner, pannekaker og alltid frisk frukt. Som oftast byrjar undervisninga kl 7. 30. Nokre dagar har eg fri og andre dagar byrjar undervisninga litt seinare. To dagar i veka spaserer vi gjennom byen til Casa Protocolo der det er spansk grammatikk, resten av dagane vert vi henta av ein buss som køyrer oss til studiesenteret på stranda. På stranda vert det undervist i latin amerika studier og i praktisk spansk. Timane med praktisk spansk er favoritten min. Der er vi delt inn i mindre grupper og lærarane er veldig flinke. Rundt kl 13 vert det servert lunsj, som oftast mat utan smak og enorme mengder ris. Mellom timane vert det alltid tid til bading og soling. Buss heim går det kl 15 og kl 17. No kjem vi til favorittpunktet mitt i løpet av dagen. Nemlig middagen, eg har funne restauranten der eg kjem til å bruka mykje tid framover. La Mexicana serverer fantastisk meksikansk mat som eg får vatn i munnen av å skriva om. Sånn ellers ligg eg mykje i hengekøyene i bakhagen, vandrar i byen og prøver meg på samtalar med ekte nica folk, noko som til no begrensar seg til "hola! qué pasa?"

lørdag 4. september 2010

Eg trudde er kunne dansa salsa

Torsdag følte vi oss endeleg så trygg på byen at vi våga oss ut for å sjå på nattelivet. Det byrjar tidleg her slik at folk kjem seg opp om morgonen igjen. Vi tok turen til La Hoya Quemada, ein bar der dei spelar salsamusikk kvar torsdag. Då vi kjøpte vår første øl litt over ni var dansegolvet stappfullt av unge og gamle menneske som rista på kroppsdelar eg ikkje visste ein kunne rista på. Eg vart berre ståande i ein krok og glo dei første ti minutta. Dei lokale jentene sendte oss norske jenter drepande blikk som fortalde at dette var deira teritorium og at vi kvitingar ikkje har noko her og gjera. Mennene derimot stod i kø for å få dansa med oss. Eg våga meg utpå dansegolvet etterkvart og det tok berre eit halvt minutt før den første friaren tok eit godt tak om livet mitt og svingte meg rundt så eg nesten gjekk i bakken, før han viskar i øret mitt at "salsa is a sticky dance". Sticky er vel og bra, men ikkje kall meg dancing queen der eg står og tråkkar på føttene dine medan eg viftar med armane som ei kråke! Heldigvis tek sangen slutt og eg kan igjen bevega meg på normal måte. I det eg skal ta ein slurk av ølen min, vert eg igjen henta ut på dansegolvet. Det er ein liten pjokk som ikkje kan meir engelsk enn eg kan spansk, den munnlege kommunikasjonen vart med andre ord vanskeleg. Men det er heilt tydeleg at han meinar eg bør retta meg opp i ryggen og halda armane stivt slik dei skal vera. Eg var kjempe glad for at nokon endeleg tok litt ansvar for å visa meg korleis det skal dansast salsa utan å heile tida bevega hendene i retning rumpa mi.
Folk her kan verkeleg dansa og eg er så imponert! Neste veke tek salsa timane til og gjett om eg skal stå på første rad!

søndag 29. august 2010

Å vaska seg under armane etter å ha vore på reise i 26 timar er herlig!

Etter ein lang flytur vart vi møtt av Kulturstudier på flyplassen i Managua. Eg rekna fint ut at klokka heima i Noreg var fem på mrogonen, og var ikkje heilt klar for den to timar lange bussturen til León. Bussen var ein gamal gul skulebuss i ekte amerikansk stil. Ryggen klistra seg til skinnsetet og det var vanskeleg å pusta på grunn av fuktigheten i lufta. Men akk så deilig å vera framme! No har eg fått frukost og kaffe og vi er snart klar til å utforska byen. Minibank er første stopp! Det kjem bilete seinare, eg må berre ta dei.