søndag 27. februar 2011

Veke nummer tre, eller var det fire?

Familiebilete

Grava til Evita.

Domumentasjon på at vi ete godt.




Eg har vore så heldig å få låna dataen til Kristin slik at eg endeleg kan få oppdatert denne bloggen. Det viser seg at mi nye tulledatamaskin ikkje vil samarbeida verken med blogspot eller kameraet mitt. Dei siste vekene har eg brukt på å bli kjend i byen. Noko har eg dokumentert med kamera og det meste tenker eg tilbake på med latter.


For å gjera det enkelt oppsummerer eg veka dag for dag, måltid for måltid.
Måndag: Skule. Forelesning. Empanadas til lunsj. I sjutida reiste vi på trommekonsert. Hoppa opp og ned i to timar saman med hundrevis av andre folk. Ville rytmer og ein sterk eim av hasj i lufta. Når vi kom heim fann eg og Kristin endeleg ut av buenosairesdelivery.com. Ei side som passar meg utmerket. Tre tastetrykk og ein telefon seinare så står det ein mann på døra med ti bitar sushi og ei rekning på nesten ingenting.

Tysdag: Skule. Eg og Ingrid slo ut håret og tok oss ein tur på museum. Evita var vakker og kul. Sushi til middag. (Argentinsk biff, sa du? Eg likar sushi betre.)

Onsdag: Fieldtrip til ein bank for eit foredrag med Telecom, eit av dei store teleselskapa i Argentina. Vi fekk kaffi og medialunas før foredraget og csr planane til selskapet. Stilig. For å følgja opp den kuturelle delen frå i går reiste vi for å sjå på grava til Evita. På vegen heim gjekk vi oss vill på leit etter undergrunnen og måtte hoppa i taxi.

Torsdag: Kristin har besøk av mammaen sin og eg fekk vera med å eta middag. Fantastisk restaurant, et så mykje du vil for 85 pesos. Biff og raudvin!

Fredag: Fest. Eg sov tre timar etter skulen, kjøpte vin og gjorde eit forsøk på å pynta meg. Eg og Kristin reiste på salsabar og seinare vidare til ein nattklubb. Plutseleg var klokka halv seks og som ein ekte csr student tok eg meg ein burger på mc donalds utan dårleg samvit. Festen var ikkje over når vi kom heim så vi dansa litt meir salsa og sat på takterassen og såg sola stå opp.

Lørdag: Sliten. Vi kom oss likevel i parken ein tur. Brukte fleire timar på å finna Ragnhild som sat i ein eller annan park i Buenos Aires og venta på oss. Fekk ikkje telefonen min til å fungera og ga opp. Kvelden vart nytta på ein takterasse i Palermo. Grilling og øl med csr studentane.

Søndag: Det er i dag det. Har store planar om å lesa til forelesninga i morgon. Ny forelesar og nytt tema. Så snart Kristin er ferdig med grammatikken skal vi ut og gjøra noko gøy! Håpar på å få tak i billettar til Shakira neste helg. Med det same vi er ute og går vert det vel besøk på ein marknad og eit par empanadas til lunsj.



Gratulerer! (Att du gidd å lesa.)

Søndagsstemning. (Eg trur det var ein søndag)


søndag 13. februar 2011

Dag og natt i Buenos Aires

I dag har eg vore i Buenos Aires i ei veke, etter ein ganske lett analyse av byen vil eg meddela at eg elskar å vera her. Det er fantastisk!!!! (Fleire utropsteikn for å gjera det klart at det verkeleg er fantastisk). Eg havna på rom med Ingrid og Kristin slik eg ville, og vi har allereie rota det så bra til at eg ikkje anar kor tinga mine er. Vi leitar konstant etter eit bankkort, ei neglesaka eller eit armband vi akkurat såg.
Huset ligg i eit roleg nabolag i bydelen San Cristobal. Vi har supermercado, kafe og kopieringssjappe rett utanfor døra.
Skulen ligg ein halvtime unna. Det går subte (undergrunn), buss og vi kan gå. Eventuelt ta taxi. Sidan eg rett og slett droppa ut av spansken, tek eg no csr (corporate social responsibility) i staden for. Ikkje spør meg kva det går ut på, det veit eg ikkje enno. Eg berre veit at eg manglar tusen ord på ei oppgåve eg skulle ha levert på fredagog at eg sov til klokka fire på ettermiddagen i dag. Noko som vil seia at eg har dårleg tid og at eg nok ein gong er dårleg på å disponera tida mi. Eg følta meg rimelig teit då vi skulle presentera oss sjølve den førsye dagen. Dei fleste har ein plan med faget og skal fletta det inn i ein bachelor, eg bestemte meg for å ta csr for ei veke sidan.
Utelivet er ubeskrivelig. Ein et middag klokka ni på kvelden og nattklubbane opnar ikkje før klokka to på natta. Døgnet er snudd på hodet og og kjem meg aldri i seng. Men eg får prata mykje spansk og eg føler for første gong at det går bra. Folk forstår meg og eg forstår dei. Sjølv om samtalen ofte vert begrensa så går det framover. Det er ein fin følelse!