søndag 13. februar 2011

Dag og natt i Buenos Aires

I dag har eg vore i Buenos Aires i ei veke, etter ein ganske lett analyse av byen vil eg meddela at eg elskar å vera her. Det er fantastisk!!!! (Fleire utropsteikn for å gjera det klart at det verkeleg er fantastisk). Eg havna på rom med Ingrid og Kristin slik eg ville, og vi har allereie rota det så bra til at eg ikkje anar kor tinga mine er. Vi leitar konstant etter eit bankkort, ei neglesaka eller eit armband vi akkurat såg.
Huset ligg i eit roleg nabolag i bydelen San Cristobal. Vi har supermercado, kafe og kopieringssjappe rett utanfor døra.
Skulen ligg ein halvtime unna. Det går subte (undergrunn), buss og vi kan gå. Eventuelt ta taxi. Sidan eg rett og slett droppa ut av spansken, tek eg no csr (corporate social responsibility) i staden for. Ikkje spør meg kva det går ut på, det veit eg ikkje enno. Eg berre veit at eg manglar tusen ord på ei oppgåve eg skulle ha levert på fredagog at eg sov til klokka fire på ettermiddagen i dag. Noko som vil seia at eg har dårleg tid og at eg nok ein gong er dårleg på å disponera tida mi. Eg følta meg rimelig teit då vi skulle presentera oss sjølve den førsye dagen. Dei fleste har ein plan med faget og skal fletta det inn i ein bachelor, eg bestemte meg for å ta csr for ei veke sidan.
Utelivet er ubeskrivelig. Ein et middag klokka ni på kvelden og nattklubbane opnar ikkje før klokka to på natta. Døgnet er snudd på hodet og og kjem meg aldri i seng. Men eg får prata mykje spansk og eg føler for første gong at det går bra. Folk forstår meg og eg forstår dei. Sjølv om samtalen ofte vert begrensa så går det framover. Det er ein fin følelse!


5 kommentarer:

  1. Så gøy. Du må berre nyta livet der!

    SvarSlett
  2. Dessutan var det veldig fint at du fekk oppdatert bloggen. Det er moro å følgja med.

    SvarSlett
  3. Så gøy å lese :D Det hørtes deilig ut der! Sukk.. :)

    SvarSlett
  4. Oi, det var egentlig Emilie :)

    SvarSlett
  5. Blir beint fram misunnelig og reiselysten av å lese og se bilder fra BA. Forstår du nyter det. Send gjerne litt varme over hit til oss også. Brrrrr. Blir spennende å følge med på deg fremover! Masse lykke til.

    SvarSlett