søndag 12. september 2010

Sea turtles making love




Denne helga har eg vore i San Juan del Sur ein liten fiskerlandsby og eit surferparadis ikkje så langt frå grensa til Costa Rica. Eg var sjuk med influensa på fredag då vi skulle dra, men heiv meg alikevel med. Bussturen tek rundt fire timar med den skranglete og trange skulebussen vår. Då vi kom fram var reservasjonen på eit hostel sjølvsagt ikkje i orden så vi endte opp på eit anna hostel som rett og slett var grisete. Kristin var ikkje på do frå vi reiste frå León og fram til vi bytta hostel neste dag. Eller det var vel meir eit hotell vi la oss inn på. Der hadde vi for første gong sidan vi kom til Nica air condition og varmt vatn i dusjen! Dessutan kunne eg leggja ting på golvet utan at det var fullt av kakkerlakkar når eg skulle ta det opp igjen. Deilig.
Laurdagen var høgdepunktet, for det første våkna eg opp frisk som ein fisk og for det andre (no kjem forklaringa på overskrifta) fekk eg bada med ekte havskilpadder langt ute på havet. Vi var nemlig på båttur inn til ei øde strand og på vegen speida vi etter kval, delfin og skilpadde. Plutseleg låg det to skilpadder og hadde seg rett ved båten vår, medan dei held på er det ikkje mogleg å forstyrra dei så vi fekk hoppa i vatnet og klappa dei på skjellet. Vi såg også masse delfinar som hoppa slik delfinar skal hoppa. På stranda fekk vi servert grilla fisk som nokon i den andre båten hadde fiska.
På kvelden gjekk vi ut og åt hummer på ein av restaurantane på stranda. Før det vart full fest langt ut i dei seine nattestimar der vi var innom alt frå surferfestar til reggeaklubbar.
Det einaste eg ikkje likte med San Juan del Sur var at den var full av turistar. Det var kjempe deilig å endeleg gjera seg forstått igjen, men samtidig er det ikkje det eg er her for. Det var rett og slett alt for lite spansk på meg. Dessutan var det ein trist heimtur. Gjennom Managua køyrde vi forbi trafikkuhell etter trafikkuhell der folk og motordelar låg strødd utan at det var ein einaste ambulanse å sjå.
Vi kom oss heldigvis trygt heim og eg er klar for nok ei veke med store mengder sider å lesa. Det er ikkje lett å konsentrera seg med ei visdomstann som dunkar i tannkjøttet. Au!

3 kommentarer:

  1. Tale: DU er den vakreste av alle de flotte jentene. Veit du det?

    SvarSlett
  2. Det var artig å snakka med deg, og å lesa og sjå bileta her. Du har tidenes tur, og det virkar som om du er i ferd med å bli salig frelst på Latinamerika. Det er noko eventyrleg med dette kontinentet. Elles må eg seia du skriv godt, moro å lesa bloggen. (Husk berre at på norsk er det samskriving. Det heiter kjempedeilig og ikkje kjempe deilig.)
    Hasta luego

    SvarSlett
  3. puta! (beklager ordbruken) det er flaut å dela ord feil.

    SvarSlett