tirsdag 7. september 2010

Kvardagen min

Etter kvart som dagane går her i León byrjar eg å få rutiner. Timeplanane vert klar og eg veit kva eg skal i morgon. Det er herleg å føla at eg bur her og at det ikkje berre er ein ferie der eg må rekka alt på få dagar. Frokosten vert servert kl 6.30. Vi får arme riddere, havregraut, ris og bønner, pannekaker og alltid frisk frukt. Som oftast byrjar undervisninga kl 7. 30. Nokre dagar har eg fri og andre dagar byrjar undervisninga litt seinare. To dagar i veka spaserer vi gjennom byen til Casa Protocolo der det er spansk grammatikk, resten av dagane vert vi henta av ein buss som køyrer oss til studiesenteret på stranda. På stranda vert det undervist i latin amerika studier og i praktisk spansk. Timane med praktisk spansk er favoritten min. Der er vi delt inn i mindre grupper og lærarane er veldig flinke. Rundt kl 13 vert det servert lunsj, som oftast mat utan smak og enorme mengder ris. Mellom timane vert det alltid tid til bading og soling. Buss heim går det kl 15 og kl 17. No kjem vi til favorittpunktet mitt i løpet av dagen. Nemlig middagen, eg har funne restauranten der eg kjem til å bruka mykje tid framover. La Mexicana serverer fantastisk meksikansk mat som eg får vatn i munnen av å skriva om. Sånn ellers ligg eg mykje i hengekøyene i bakhagen, vandrar i byen og prøver meg på samtalar med ekte nica folk, noko som til no begrensar seg til "hola! qué pasa?"

9 kommentarer:

  1. For eit liv! Og for ein fantastisk variert studie.. Espero que vas a saber mucho mas que "hola que pasa" hasta poco tiempo.

    SvarSlett
  2. Å Tale!! Takk for oppdatering. Det er veldig artig for oss å lese om hverdagen din. Skriv mere om dagene og livet ditt der borte. Slikt liker vi å lese. Ettersom sommeren og er kommet hit, tar vi det med ro og nyter sola.

    SvarSlett
  3. gracias padre! ojala que te vayas bien!

    SvarSlett
  4. OVERSETT!!! Jeg vil og ha medmeg ALT

    SvarSlett
  5. kjempe kos å lese tale! høres ut som ett studium for deg!;) synes du skal sende litt avden mexikanske maten i posten til meg, merker den hadde smakt godt nå,hehe.

    kiss kiss ( tror ikke jeg skal prøve meg på noe spansk, nei)

    SvarSlett
  6. TALO!!! it kinda sounds amazin!! mens du chillar der i solo chillar eg her i regne. litt av ein morgonfugl du har blitt! bra! mens du ete mexicansk mat ete eg pomfri. KOS DEG VIDARE EDU BLITT BRUN??????!

    SvarSlett
  7. Så fantastisk kjekt det høres ut! Ser ut som du nyter livet. det gode liv! det ser fantastisk flott ut på bildene dine. du er heldig som kan nyte av varmen. her begynner den kalde og sure høsten å vise seg så du må nyta dagne i solskinnet. så gler eg meg til å få høre mer oppdateringer seinare!=)
    stor klem

    SvarSlett
  8. frida: er blitt heilt ufattelig brun.

    SvarSlett