fredag 24. september 2010

Dia de la Merced

I natt har eg ikkje sove mykje. Det har nemlig vore ein rakettfest utan like i gatene. Vi hadde hørt at dei skulle feira skytshelgenen til León på fredag. Med godt mot slo vi opp paraplyane (regntida er på sitt verste/beste) og vandra ut. Eg hadde med vilje ikkje teke med meg pengar, kamera eller mobil med tanke på tjuveri. Vi kom oss berre så vidt til plassen utanfor katedralen før nervøsiteten tok overhand og vi småløp heim igjen. Tre lyse jenter (chela linda!) og hundre tusen nica menn er ikkje kult.
Då vi kom heim byrja rakettane, og det viste seg at vi hadde gått glipp av heile showet. Ein gong i timen vert det først skutt opp store menger rakettar før fire menn med kassar fulle av rakettar på ryggen spurtar gjennom gatene. Då vi etter rundt ein time hørte at rakettane igjen var i lufta, var det berre å hiva frå seg alt vi dreiv med og komma oss ut i gatene. Denne gongen hadde vi heldigvis med oss Stian, noko som er betryggande. Det einaste som er litt skummelt med han er at han ikkje har dei same grensene som eg har. Det blonde hovudet forsvann nemleg temmeleg fort, og eg og Kristin stod igjen i folkemengden. Plutseleg ser vi ein av rakettmennene i full fart mot oss og vi kan ikkje anna enn å skrika å løpa. Rakettane frå kassen vert nemleg skutt i alle retningar utan at nokon har kontroll. Eg trur aldri eg har vore så redd og har løpt så fort før. Vi bana oss vei gjennom gamle damer og små barn for å komma oss så langt vekk som mogleg, då fleire nica folk også byrja å løpa, var det ikkje tvil om at dette kunne vera farleg. Ikkje søren om eg ville inn i ein av dei mange sjukebilane med brannskader oppover armane. Mannen kom nærmare og nærmare med rakettane i full fyr, før han plutseleg skifta retning og forsvann rundt hjørnet. Kristin og eg stod igjen framleis med hjertet i halsen og rundt samla det seg folk som lo av oss og kunne bekrefta at det ikkje var ferdig enda.
Etter litt fann vi igjen Stian og dei andre, kjøpte oss eit kandisert eple og klarte å pusta normalt. Det verka som om kvar einaste person i heile León var ute i gatene og det heile var som ei kaotisk og farleg 17. mai feiring. No sit eg på La Rosita, ein kafé med internett og utanfor marsjerer korpsa for harde livet i pøsregnet. Då eg gjekk til kafeén tidlegare i dag var ei av gatene dekt med fine, fargerike pulvermaleri. Eg angrar på at eg ikkje tok bilete med det same, no er nok alt skylt vekk av vatnet.
Eg har dessverre heller ikkje teke bilete av galskpen i går, eg må heller smiska litt med dei andre så kanskje det kjem etterkvart.

2 kommentarer:

  1. Nei, sjå, Tale bloggar! Elskar nynorsken. No får eg noko meir spanande å ta meg til i norsktimane. Kiwi er ikkje det same utan deg..

    SvarSlett
  2. Blogging er kult. ja til meir kiwi-latter i juleferien!

    SvarSlett