tirsdag 8. mars 2011

Loca! Loca!



Neivel, det vart ingen Shakira konsert på meg. Eg fann ikkje den andre skoen min og dermed gjekk billetten rett bosset. Det var dumt!








Neida! Eg fann skoen min til slutt. Og biletet er teke etter konserten då eg og Kristin var hyper på livet og hadde ein fantastisk humor. Eg prøver å sjå trist ut, men er eigentleg ganske glad, dermed det insane rare uttrykket i ansiktet.

Konserten var alkoholfri, noko som først var ein enorm skuffelse. Vi hadde planlagt å ta oss ein øl medan vi vugga sakte fram og tilbake saman med Ziggy Marley og venta på Shakira. Det var tydeleg at vi var dei einaste som orka å løfta ein finger for å gje Marley litt respons. Rundt 30 år etter at Bob Marley gjekk i grava, kan enno ikkje halvparten av Buenos Aires sin befolkning refrenget på "Get up, stand up". Eg og Kristin hadde det gøy vi, og det var nesten så rastaen byrja å gro.

Shakira sang på spansk. Eg angra sterkt på at eg ikkje hadde brukt dei to siste dagane på å pugga tekstane på spansk. Var eg den einaste i publikumet (45.000 menneske) som ikkje sang? Det gjorde uansett i mykje, Shakira er så heit at ein berre kan stå og glo. Ooops! Der reiv ho opp toppen sin med vilje!

Det eg også kan fortelja er at eg kan teksten på "Underneath your clothes", og at eg då kanskje var den einaste i publikum som sang, var eg den einaste som kunne engelsk?

Til slutt sang ho den derre Waka, Waka sangen. Og då hadde eg så sinnsykt vondt i beina at eg måtte hoppa for å ikkje dø. Eg hadde ein kviting ved sida av meg som også hoppa, det var Kristin. Og så smilte vi og lo litt fordi det var så fantastisk. Haha!


Resten av kvelden kan oppsummerast raskt. Vi åt pizza utan ost etter å ha gått i folketog ut av festivalområdet og så måtte vi nesten gå heim fordi det ikkje var taxi å få tak i. Då vi kom heim angra eg på at eg ikkje tok med kamera, og dermed måtte eg og Kristin ta eit bilete med sjølvutløysar, berre slik at vi skal hugsa korleis vi såg ut den dagen vi var på Shakira. (Og litt for at eg skulle ha eit bilete til bloggen.) Det er alltid betre med mange minne i hovudet enn eit stole kamera og styr med forsikringen.

3 kommentarer:

  1. Hei, Tale. Me følgjer med på bloggen din. Kjekt å sjå kva du held på med. Lover at me ikkje skal ta med alt i avisa...

    Anne Lise og Tine.

    SvarSlett